I 2015 må alle nye hus vere passivhus. Det vil seie hus som er så godt isolert at sjølv eit stearinlys og matlaging gjer sitt for å halde på varmen.

Regjeringa er tydeleg på det punktet.

-Satsing på energieffektive passivhus er eit viktig miljøtiltak. I 2015 blir energikrava til bygg skjerpa til passivhusnivå. Då er det avgjerande med god kunnskap om korleis slike bygg verkar i praksis. Her er vi godt i gang med å skaffe oss erfaringar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Les mer på nrk.no